1074 Views

«Stø kurs» – Noregs flottaste klasserom

Austevoll vgs. har sidan 2013 vore i Lofoten med «Stø Kurs», og det har sidan den gang vore det store høgdepunktet for elevane våre som går på vg1 naturbruk. Dei siste fem åra har båten vore stasjonert i Ballstad under fiske, og all fangst har vore levert til fiskemottaket Nic Haug AS i Ballstad.

Februar 21, 2022
«Stø Kurs» ved kai hos Nic Haug AS i Ballstad.
«Stø Kurs» ved kai hos Nic Haug AS i Ballstad.
Skrevet av:

HÅVARD MAGNUS NJÅSTAD, AUSTEVOLL VGS

I 2021 var det totalt 33 elevar som var med om bord, fordelt på tre grupper. Kvar gruppe på 11 elevar er om bord i to veker kvar. Båten gjekk frå Austevoll 25. februar og var tilbake til påskeferien – totalt seks veker på tur.

Har skulekvote

Austevoll vgs. sin skulekvote på torsk for skuleåret 2020/2021 var 27,6 tonn. I tillegg fiska «Stø Kurs» Fusa vgs. sin skulekvote på 13,8 tonn. Det var også med fire elevar frå Fusa vgs. i dei to siste elevgruppene.

I lys av pandemien var det eit stort spen- ningsmoment i år om me kunne gjennomføre fiskeritoktet som normalt. Men med koronatest av både elevar og tilsette for avreise, og med klare og strenge smitteverntiltak om bord – var alle veldig glade for at det kunne la seg gjennomføre.

Action på dekk! Gode dagsfangstar på om lag fem tonn torsk førte til at elevane kom i mål både med skulekvoten til Austevoll vgs. og Fusa vgs.  
Action på dekk! Gode dagsfangstar på om lag fem tonn torsk førte til at elevane kom i mål både med skulekvoten til Austevoll vgs. og Fusa vgs.

Kvar sitt ansvarsområde

Om bord på «Stø Kurs» vert elevane delt i grupper, og som etter ein oppsett plan har ansvar for reinhald, matlaging, vakthold – i tillegg til å delta i setting og haling av garn. Når garna vert halt, vert fi sken tatt ut av garnet og bløgga. Den vert deretter oppbevart i sekker i lasterom med sjøvatn, der kvar sekk tar ca. 500 kilo torsk. Inne ved mottaket vert sekkene lossa frå lasterommet, og sløyelinja inne på mottaket tar seg av vidare behandling av fisken.

Normalt fisker «Stø Kurs» på innersida av Lofoten, i farvatnet rett utanfor Ballstad, men i vinter var det lite fisk her. Difor føregjekk fiskeriet stort sett på yttersida – ute i havet om lag 15 nautiske mil nordvest av Nappstraumen. Det resulterte i gode dagsfangstar på om lag fem tonn – og førte til at elevane kom i mål både med skulekvoten til Austevoll vgs. og Fusa vgs.

Alle elevar har kva sine dedikerte oppgåver. Her vært fisken tina or garna av ei gruppe, medan andre tek seg av bløgginga.
Alle elevar har kva sine dedikerte oppgåver. Her vært fisken tina or garna av ei gruppe, medan andre tek seg av bløgginga.

Mest mogeleg praksis

Ved Austevoll vgs. har me som mål å vere mest mogeleg ute av klasserommet og å ha mest mogeleg praksis med elevane. Learning by doing. Me føler oss særs heldige som får ha eit slikt stort og flott opplæringsfartøy som «Stø Kurs», som igjen gjer det mogeleg for skulen å tilby elevane dette eventyret i nord.

I tillegg til å vere i nord i Lofoten i om lag halvannan månas kvart år, er «Stø Kurs» i dagleg drift i undervisning ved skulen. I år er det to klassar på vg2 fiske og fangst og 3 klassar på vg2 maritime fag som brukar båten kvar veke, der lærarane er skipper og maskinist.  Forutan opplæringsfartøyet «Stø Kurs», har skulen fleire mindre opplæringsfartøy som våre elevar dagleg er ute på sjøen og brukar; 36 fots Selfasjark, 23-fots Tobias og ein livbåt.

For skuleåret 2021/2022 er det eit rekordstort elevtal ved Austevoll vgs, med 13 klassar (kvar klasse er 15 elevar): 4 klassar vg1 naturbruk, 1 klasse vg1 TIP, 1 klasse vg1 Helse-og oppvekstfag, 2 klassar vg2 fiske og fangst, 2 klassar vg2 akvakultur og 3 klassar vg2 maritime fag. Underteikna har sjølv vore med på eventyret i Lofoten sidan 2013, og er oppe i nord kvar år i 2-3 veker.