1183 Views

Skuledagen i båt og i naust

Frukost, morgonmøte og deretter ein tur med sjarken. Slik kan ein skuledag starte ved Austevoll vidaregåande skule.

August 29, 2022
Miljøet på Austevoll skule på Vestland Fylkeskommune er fint for dei som vil lære noko nyttig. Ikkje minst får ein gode vener. Johannes Taranger (16) og Tor Eirik Østervold (16) skal halde saman og gå Fiske og fangst også neste år.
Skrevet av:

Austevoll Skule, Vestland Fylkeskommune

Johannes Taranger (16) og Tor Eirik Østervold (16) har begge gått i ein av dei fire klassane på naturbrukslina. Dei to kameratane fortel gjerne om skuledagane sine på Austevoll.

–Me byrjar dagen med gratis frukost i kantina på skulen. Så er det morgonmøte med Stig Storebø kontaklæraren vår. Då går me gjennom kva som skal skje. Det blir avgjort om me skal setja noko bruk eller om me skal ta opp det me allereie har i sjø. Me finn ut kven som skal vera med i båt og kven som skal vera att på naustet.

Dei som er att i naustet lærer å knyta, spleisa, bøta garn og laga reiskap. Me fell garn, lagar hummarteiner, fiskemerdar og torskeruser. Eg ser fram til å teste hummarteina mi og har høyrd at denne teinetypen fiskar særs bra, seier Tor Eirik.

– Og så blir det spanande å prøve rusefisket for det har eg ikkje gjort før.

Ein ting er å fiske, elevane skal også lære seg å behandle maten på rett vis. FOTO: STIG STOREBØ

Alle mann om bord

Johannes fortel at dei som er med på båtane kan få mange ulike oppgåver.

–Vi kan bli satt til å halar krepseteiner, krabbe- og hummarteiner og garn. Om me er ute med den store sjarken så kan det vera fjordagarn eller seigarn og om me er ute i Tobiasen så er det ofte makrell- eller sildagarn. Det er kjekt at om me visar oss dyktig nok så får elevane gå ut på eigenhand med småsjarken.

–Noko av makrellen går til agn, seier Tor Eirik. – Elles lærer me oss å behandla fisken. Me sløyer og fileterer. I løpet av året har me og laga røykeaure, røykt lange og lubbesild. Det hender me kokar kreps, krabbe og skjell og kosar oss med det på kaien.

På Austevoll skule lærer du å fiske både med teine og garn. FOTO: STIG STOREBØ

Oppdrett eller fiske frå båt

Dei to gutane synes det er like kjekt å vere på vann som på land.

–Det er eigentleg det same. Me likar begge deler. Om eg har byrja på noko reiskap, så likar eg å gjere meg ferdig med det. Då blir eg på land, seier Johannes.

–Det er veldig sosialt på naustet. Me pratar ein del om framtidsplanar når me jobbar. Nokre i klassen vil på oppdrett, men det er fleste som vil bli fiskarar.

Naturbruk er veldig populært, seier Tor Eirik. – Austevoll videregående skole har 60 plassar på naturbruk Vg1 og 60 plassar på Vg2. Av desse er 30 plassar på linja Fiske og fangst og 30 plassar på Akvakultur. –Det blir spennande og sjå om me kjem inn og kan gå vidare.

Begge gutane vil inn på linja Fiske og fangst. Men er usikre på kva karaktersnittet blir for å kome inn.

Johannes kryssar fingrane:

–Trur det skal gå fint!

Best i test

Lofotfiske har vore det beste med heile skuleåret. Det er seier dei i kor.

– Me fiska torskekvoten til skulen med båten vår «Stø Kurs». Det var fantastisk kjekt. Miljøet om bord var veldig bra og me vart skikkeleg samansveisa. Det blei og ein smakebit på kva som ventar oss om me får læreplass på fiskebåt om eit år.

I messa etes det ikkje berre fisk, god stemning blir det og med pizza. FOTO: STIG STOREBØ

Nytte og moro

Gutane fortel at dei aldrig blei sjøsjuke, men fleire andre vart. Likevel var alle med. Johannes fortel:

–Ein dagen hadde me garn på yttersida av Lofoten og fleire måtte spy, men alle greidde å bidra sjølv om dei var sjøsjuke.

Ikkje alle var med på Lofotfiske. Dei skulle gå akvakultur andre året, fekk vera utplassert i to veker og var på lakseoppdrett eller på Havforskingsinstituttet.

Av andre ting som er bra med naturbruk vil Tor Eirik og Johannes seie at aktivitetane har vore både nyttige og morosame.

–Me har hatt strandrydding, tatt D5Lsertifikat og IMO50. Elles har det beste vore at me har fått mange nye vener. Eg kjende berre tre av dei i klassen frå før, seier Tor Eirik.

–Mange som går på vidaregåande i Austevoll må flytte på hybel, så det er bra at skulen legg til rette for at me kan bli kjend utan om skuletida og. Me kan gå på open idrettshall, spele bowling og me får gå gratis i svømmehallen ein dag i veka.

Les meir om skulen HER https://www.austevoll.vgs.no