731 Views

Med Lofotfiske på timeplanen

Respekt, tryggleik og godt skolemiljø er tre verdiar som står sterkt på Måløy vidaregåande skule i Vestland fylke.

September 07, 2022
På Måløy vidaregåande er det kort veg til havet. Vil du ha framtida di på havet? FOTO: FREQUENCY AS
Skrevet av:

Marte Østmoe

Måløy vidaregåande skule

Om ein kjem nedom D-fløyen ved Måløy vidaregåande skule ein vanleg skuledag, blir ein vitne til eit yrande liv. Elevar frå linja Fiske og fangst gjer klar lina til fiske om bord i skulebåten Skulebas Senior. Samstundes flikkar matroselevane og malar, medan skipsmotormekanikarelevane styrar på i maskinrommet. Naturbrukselevane gjer klar garna før dei dei reiser ut med båtane. Dei som går akvakultur er i gang med truckkurs, andre elevar dissekerer fisk. Opp i alt dette held Sikkerheitssenteret kurs, både for elevar og for eksterne aktørar medan Fagskulen held øvingar i simulatorane. Som om dette ikkje er nok, kjenner du ganske sikkert også lukt av mat som restaurant og matfag har stelt i stand ved hjelp av dagens fangst.

Frå venstre Malin Halnes, Thea Elise Strandberg Vestby, Hannah Degnepoll Terdal og Petra- Marie Inderdavik Karstensen. FOTO: FREQUENCY AS

Roleg sjø

Andre dagar er det meir stille. Då er elevane ute i praksis på båt eller på oppdrettsanlegg, dei er i Lofoten eller i området rundt Måløy på fiske. Andre jobbar med kurs, mellom anna D6. Med dette i handa har du rett til å føre fartøy opp til 24 meters lengde. Med sertifikat i D6 Begrensa, har du rett til å føre fartyg opp til 14,99 m. i fartsområde «Liten kystfart». Dei andre elevane har besøk eller er på besøk til bedrifter, eller har dei også undervisning i studiefag.

Variert som været

Dagane på Måløy vidaregåande skule går føre seg både ute og inne.

Skulen ligg i smørauget på kysten av Vestlandet i Kinn kommune og har cirka 350 elevar. Tilboda strekk seg frå studiespesialisering, helse og oppvekstfag, bygg og anleggsteknikk, informasjonsteknologi og medieproduksjon, restaurant og matfag, teknologi og industrifag, taf/ysk-modellen, vaksenopplæring og naturbruk.

På dei blå linjene skjer det for tida mykje spennande. Opplæringsfartøyet Nye Skulebas er under bygging og blir ein båt som kjem til å bety mykje for den marine og maritime utdanninga. Båten vert utrusta med framtidsretta hybrid framdriftsløysing, der ein kan operere fartøyet heilt elektrisk. Med den nye båten får skulen to nye driftsformer, snurrevad og trål i tillegg til dagens garn og line. Når elevane ved Naturbruk eller Fiske og fangst, er ute på ekskursjonar, er det viktig med gode og faste fasilitetar. Ein brukar skulefartøyet både til kortare og lengre turar, mellom anna dreg fiske og fangst på ordinære garnturar til Lofoten for å fiske torskekvota og forsøksfiske etter pigghå langs kysten i samarbeid med Havforskingsinstituttet.

Tiril Sørdal måler ut ruta. FOTO: FREQUENCY AS

Anlegg i salt- og ferskvatn

Akvakultur har godt samarbeid med næringa og har elevar utplassert på anlegg rundt om kring i fylket. I tillegg til den viktige opplæringa i bedrift, er det og planlagt ein akvahall der elevane skal få høve til å drifte og prøve seg som røktarar. Hallen skal innehalde RAS-modular og moglegheiter for å ha både saltvassfisk og ferskvassfisk i kar. Denne hallen vert opplæringsarenaen for elevane på vg1 naturbruk og vg2 akvakultur i tillegg til elevar som har naturfagleg studieretning.

Som elev ved Måløy vidaregåande skule får du ein kvardag tufta på respekt, tryggleik og godt skolemiljø. Her kan du få gode, blå marine og maritime fag på timeplanen.

Kristoffer Rundereim og William Hodnefjell på merdkanten. FOTO: FREQUENCY AS

Kurs

Ved Måløy vidaregåande skole får elevane tilbod om ulike kurs mellom anna navigasjon – båtførarprøven, D6, D5L, SRC(VHF), tryggleiksopplæring (IMO50), Stropp- og anhukerkus G11, Truckfører T4 og fiskehelsekurs.

Les mer om skulen HER: https://www.maloy.vgs.no/