1311 Views

Fleksibel utdanning innan fiskeoppdrett

– Dette er som ein romstasjon for fisk, smiler dagleg leiar Mark Powell. – Vi bygger lukka system som skal vere sjølvberande.

Januar 10, 2023
Akvakultur: Geir Johannessen og Håvard Endre Waage i Fagskulen Vestland har utvikla det nye studiet i Vannkjemi, mikrobiologi og fi skehelse innan akvakultur.
Skrevet av:

Kati Indrefjord

Vi er på RAS-laboratoriet på Marineholmen i Bergen, der ein flokk unge studentar frå Fagskulen Vestland akkurat er i gang med å gjere forsøk i vasskjemi. Dei deltek på ei ny studieretning som er skreddarsydd for oppdrettsnæringa, og som tek imot studentar frå heile landet i det samlingsbaserte opplegget. Studiet heiter Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur. Studieplassar vert tildelte enten med bakgrunn i fagbrev frå vidaregåande, eller oppnådd realkompetanse. Det noverande kullet har 19 studentar, mellom anna frå Trondheim og Nordland, Hardanger og Austevoll.

Anbefaler utdanninga

– Det er viktig å forstå kva vi eigentleg gjer i jobben vår i oppdrettsanlegga. I dag får vi lære korleis vi tek vassprøver, undersøkjer pH og salinitet, seier to av studentane, Ragnhild Iversen og Kristin Sandvik. Dei har nett målt oksygenmetting og bakterievekst i vatnet i to ulike tankar der fisken har litt ulikt miljø.

Begge er driftsteknikarar i kvart sitt RAS-anlegg. – Vi vil anbefale denne utdanninga til andre som arbeider i oppdrettsbransjen, er dei samde om. – Det er viktig med god kompetanse i ein slik jobb. Vi treng å forstå korleis alt heng i hop, og korleis faktorane påverkar kvarandre.

Praktisk kontroll: Studentane liker den praktiske delen av studiet.

Meir miljøvenleg verdikjede, og betre fiskehelse

RAS står for «Recirculating Aquaculture Systems”. RAS-lab på Marineholmen er ikkje berre ein undervisningsstad. Labo-ratoriet utfører forsking og innovasjon for firma over heile verda som vil satse på dette. Det er ei viktig inntektskjelde: I 2021 omsette RAS-lab for 10,5 millionar kroner. Ikkje verst for ei verksemd som berre er to år gamal.

– Vi bidreg med utviklinga frå idé til firma, og ser på heilskapen i produksjonen – frå fisken sin oppvekst til bruk av avfallet etter dei, seier Mark Powell. – Med eit godt nok sluttprodukt kan også gjødsla nyttast i planteproduksjon. Dette gjev ei meir miljøvenleg verdikjede, og betre fiskehelse.

Kan jobbe ved sida av studiet

Stadig fleire settefiskanlegg vert no bygd om til RAS-teknologi, fortel Geir Johannessen i Fagskulen Vestland. Han rettleiar studentane både i praktisk og teoretisk arbeid. Det er ein god miks av gutar og jenter inne på forskingslaboratoriet, der vassprøver vert analyserte og studerte under mikroskop.

– Vi kan jobbe ved sida av studiet, og få setje teoriane ut i praksis. Ein ting er å lese om det, men noko anna er å få sjå det sjølv i mikroskopet og i målingane vi gjer, seier Fanny Kindsbekken frå Tingvoll. Ho er no tilsett i Aquagen, og planlegg å jobbe vidare med fiskeoppdrett. – Det er flott at studiet er så fleksibelt, poengterer ho.

Analyserer: Studentane ser nærare på vassprøver ved hjelp av mikroskop hos Marineholmen RAS-lab.

Digitale og fysiske samlingar

Fleire av studentane dreg fram at studiet er så godt tilrettelagt. Førelesingane vert tekne opp, og du kan dermed følgje dei i ditt eige tempo dersom onsdag klokka sju ikkje passar for deg. Og ikkje minst får du delta på samlingar som dette, og møte andre studentar som held på med det same som deg.

Eit berekraftig fiskeoppdrett er viktig i framtida, av mange grunnar. – Når politikarar snakkar om vekst i oppdrettsnæringa, har dei ikkje nok fokus på utfordringane, meiner Johannessen. – Vi må finne løysingar på problem med sjukdom på fisken, rømming frå merdane og utfordringane med å skaffe rett fiskefór. RAS-teknologien kan bidra til dette.