1189 Views

Elevar med tru på Framtida

Kva med å kombinere fagbrev og studiekompetanse for deretter å kunne jobbe med akvakultur? På Fusa vidaregåande er dette ein veg elevane anbefaler.

August 31, 2022
Marius Lund Halland har som ein del av utdanninga si vore med på Statsråd Lemkuhl. Her ved i innseglinga til New York. FOTO: FUSA VGS
Skrevet av:

Fusa Vidaregåande, Eikelandsosen, I Bjørnafjorden Kommune

Seks elevar ved skulen gjev gjerne tips og råd til andre som er interessert i dette feltet. Alle siktar seg inn på ei framtid innan oppdrettsnæringa. Dei har no fullført andre året på TAF/YSK-marin. TAF/YSK-marin er eit 4-årig utdanningstilbod som kombinerer fagbrev og studiekompetanse. Elevane er 17 år og har allereie to års arbeids-erfaring bak seg. Dei har opparbeida seg ein solid bakgrunn og gjort deg tankar om oppdrettsnæringa si framtid og reflektert over sine val.

Dybde og bredde

Elevane er Marius Lund Halland, Selma Folgerø, Malin Gausareide Bertelsen, Tarjei

Indrebøn, Noah Berge og Sander S. Ådland. Dei er tilsett henholdsvis ved Havforskningsinstituttet sin forskningsstasjon i Matre, Benchmark Genetict Norway AS i Bjørnafjorden, Mowi avd. Kvingo i Masfjorden, Bolaks i Eikelandsosen, Bremnes Seashore på Bømlo og Hardingsmolt i Tørrvikbygd.

Dei representerer derfor ei stor bredde både i bedrift og produksjon.

I bakkane ved Benchmark Genetic Norway AS er det omlag 1000 fiskelarvar. Her jobbar Selma Folgerø. Bakkane er sortert etter familie og har kvar sin QR kode som kan brukes til å finne informasjon om den gitte familie FOTO: FUSA VGS

Sjømat på bordet

Ved Fusa vidaregåande skule står sjømaten høgt. Ikkje berre på menyen, men også som ein viktig global ressurs.

Alle dei seks elevane opplever det meiningsfult å tilhøyra ei næring som produserer mat, men veit samstundes at mengden fisk vi får frå havet dei siste åra har vorte mindre. For å halda oppe mengden av sjømat i verden, må akvakultur og oppdrettsnæringa kompensera for denne nedgangen. Dette er ein viktig motivasjon for elevane. Dei er klar på at oppdrettsnæringa har mange utfordringar som må løysast, men dei unge har stor tru på at inovasjon og kompetanse vil vera med å gje ei positiv utvikling i næringa.

Velferd og bærekraft

Marius er lærling ved Havforskningsinstituttet sin forskningsstasjon i Matre. Han ser at forskningsmiljøet har eit stort fokus på bærekraft og utvikling i produksjonen av sjømat.

– Genetikk er eit anna viktig område innan forsking, seier han. – Den kan bidra til å gjera oppdrettsnæringa meir «robust».

Benchmark Genetics driv avlsarbeid på laks med mål å oppnå betre dyrevelferd og bærekraftig produksjon. Selma synest det er spennande og motiverande å vera ein del av dette arbeidet. Ho oppleve at dei daglege arbeidsoppgåvene er ein del av ein større heilskap.

Sander S. Ådland har dagleg tilsyn med fisk i kar ved Hardingsmolt. FOTO: FUSA VGS

Inovasjon og optimisme

Både Malin og Sander som jobbar med settefisk og landbasert produksjon, samt Tarjei og Noah som jobbar med matfiskproduksjon i sjø, opplever at ny kunnskap både frå forskingsmiljøa og innan genetikk meir og meir vert teke i bruk i kommersiell produksjon.

–Selskapa er flinke til å ta i bruk ny kunnskap og har stor grad av inovasjon i eigne bedrifter, seier dei.

– Det vert stadig prøvd ut nye ting både innan teknologi og produksjonsmetodar som skal vera med å gje ein meir bærekraftig produksjon.

Elevane synest derfor at heile oppdrettsbransjen sin vilje til nytenking er med å skapa optimisme og tru på framtida.

Frå problem til løysing

Dei har trua på teknologisk utvikling, og meiner at ny teknologi kan vera med på å løysa mange av dei utfordringane som næringa har i dag. Lukka anlegg i sjø, meir produksjon på land, nye og betre produk-sjonsstyringssystem og fisk som er meir motstandsdyktig mot sjukdom vert nemnt som eksempel på ting som vil bidra til ein meir miljøvennleg produksjon. Elevane meiner at dette til saman vil gje betre fiskevelferd. Ei slik utvikling krev kompetanse og erfaring, og dei trur at dei i framtida kan vera med å bidra i denne utviklinga.

Malin utfører dagleg rutiner på arbeidsplassen Mowi avd. Kvingo. Her er Malin Gausareide Bertelsen i gang. FOTO: FUSA VGS

Trivsel på arbeidsplassen

Marius, Malin, Selma, Noah, Tarjei og Sander har no fått to års erfaring med å kombinera utdanning og arbeidsliv. Dei synest dette er ein flott kombinasjon og fører til ein god variasjon mellom praksis og klasserom. Trivsel på arbeidsplassen vert spesielt trekt fram som ei positiv oppleving. Dei føler at arbeidsmiljøet er godt og at dei vert inkludert i bedrifta på lik linje med alle andre tilsette.

Dei er alle glad for valet dei gjorde for to år sidan då dei skulle starta på vidaregåande utdanning.

Jorda rundt med Maruis

Som del av utdanninga fekk Marius Halland like før jul 2021, vera ein del av Havforksningsinstituttet sin delegasjon på Statsråd Lehmkuhl si jordomsegling One Ocean Expedition, som er ein del av FN sitt Havtiår. Marius følgde seilasen frå Miami til New York. Målet var å skapa merksemd og dela kunnskap om havet si viktige rolle for ei bærekraftig framtid i eit globalt perspektiv.

Tarjei Indrebø på ein av Bolaks sine oppdrettsmerder i Fusafjorden. FOTO: FUSA VGS

Ut og fram

Om to nye år vil desse seks elevane få fagbrev og studiekompetanse. Men kva då?

Nei, alle er dei enno litt usikre på kva dei vil gjera etter ferdig utdanning. Dei kan velja om dei vil halda fram som fagoperatør i oppdrettsnæringa, eller om dei vil ta meir utdanning. Ein ting har dei likevel eit felles håp om: Eit yrke og ei framtid innan akvakultur.